Elva skundar seg ikkje til havet – Under Lupen med Eli Fossdal Vaage

Da vår kjære Bergensbaserte Byråkorrespondent og Tarot-Lama-kanalisatør Eli Fossdal Vaage kom ut med den tankfyldige romanen DEI VAKSNE (Bonnier, 2026), forsto vi at vi har å gjøre med en stilsikker sjanger-sjonglør. Romanen er hennes første langtekst og etterfølger novellesamlinga GRÅ HOPPE (Tiden, 2021) og hennes to foregående diktsamlinger HEKLA MYTER (Cappelen Damm, 2014)og ESTALÅNI (Tiden, 2019). Det er byråets nepotistiske mening at hvis det finnes et hemmelig forfatterlaug i Rosenkrantztårnet så gi Madamme Vaage en plass rundt bordet!

Romanen DEI VAKSNE består i stor grad av lange, hekla setninger som drar tanken videre i en uendelig strøm av psykoanalytiske, innvollsgravende refleksjoner og glitrende, klartenkte spørsmål. Hvordan har du skrevet disse passasjene – i én manisk-energisk fei eller gjennom mange bearbeidelser?

Det er eit kjernespørsmål ved det heile! Korleis har eg skrive desse setningane, korleis skriv vi, kvar kjem skrifta frå? No som romanen er ute verkar det særs usannsynleg og urealistisk at eg har skrive fram ei slik mengde tekst. Men eg veit at eg har gjort det. I mørkeret ein stad, i løpet av hausten 2022/vinteren 2023, stort sett. Det er lite eg hugsar frå skrivehandlinga, men eg stilte meg open som ei bøtte og sanka saman det som kom. Så kom det meir medan eg held på, skrivinga genererte meir skrift, meir og meir kom det, og kanskje kunne det komme endå meir òg, men så måtte eg skru igjen krana på eit eller anna tidspunkt. Eller så var det berre det at romanen var ferdig, iallfall var historia skriven ut som ei forteljing ved juletider 2023. Om eg må velje av dei to, vil eg nok svare at det meste kom til gjennom éi manisk-energisk rie som eg kopla meg av og på i ein lengre periode. Minst eit år gjekk derimot med til opprydding, med kost og feiebrett, der eg rydda og ordna i villnisset gjennom gjentakande bearbeidingar som heller ikkje var så lett å setja punktum for.


Hvorfor ble dette stoffet så langt, og lagt i munnen på en så anmassende og intelligent forteller som Anette?

Sei det? Tonen og røysta heng litt att frå den forrige boka mi, Grå hoppe. Der har eg eit par korte glimt frå ein liknande forteljar. Noko skjedde då eg tillét meg å vera det eg trudde var pratsam, eg merka at eg igrunn hadde lidd under eit sjølvpåført paradigme om «The silent type» som ideal, eit slags strengt tatt litt macho krav om at ein ikkje må vere for omstendeleg. Det har vore deilig, men slitsamt, å ha med Anette å gjere så tett på over så lang tid. Deilig å late skrifta slynge seg ut, deilig å ta til motmæle, på eit vis, til alt og alle, som er ein del av det Anette gjer - ho svarar verda, i ein roman kan ein ta mykje plass og kreve at alle sit stilt og lyttar til det ein seier. Særleg kvinner som pratar «for mykje», tilsynelatande utan å komme til poenget eller ha eit poeng, er ikkje noko som vert tolt så godt. Men å prate om noko utan å eigentleg prate om det, er kanskje ein strategi for både Anette og mange andre: Ein kan prate om noko mindre farleg enn det farlege ein ikkje kan prate om, for eksempel. Mange kjenner eit behov for å fylle lufta med ord dersom det er stille, stilla er trugande, slik det kan vere skummelt å sovne eller liggje stille utan noko til å distrahere seg.

Hva er det verste du har gjort for penger?

Dette er eit vanskeleg spørsmål. Og djupt relativistisk. Eg har gjort heilt normale ting for pengar som eg har opplevd som nedverdigande, fordi vissa om at eg gjorde det for pengane åleine og av sterkt naudsyn gjorde meg skamfull og litt trist. Ringevikar, timevikar, [red: ja, her sluttet teksten, mon tro spørsmålet var for deprimerende/uengasjerende til å svare på?]

Hva gjør du når du tviler?

Tja. Drikk kaffi? Tvilar litt meir, til trua tar over. Eg tvilar ofte, kanskje mindre no enn før. Men å skrive hjelper mot tvil. Kanskje er det derfor eg skriv fram slike pratsamme, liksom skråsikre røyster. Når det er sagt, har eg tvilt på meir fundamentalt vis dei siste par åra. Eg har tvilt på om det er forfattar eg skal vere, om det er verd det, og om det uansett er for seint no som eg har bikka 40 og så vidare å tenkje noko anna, kanskje har eg vald for lengst men trudd at livet framleis kunne opna seg i nye vegar. Og no som boka er ute, er det ikkje akkurat tvil, men tomheit, eg kjenner mest på.

Hvis du skulle være en floskel, hvilken skulle det være? (se evt. denne for inspirasjon)

Dette er det vanskelegaste spørsmålet eg kan hugsa å ha fått. Floskel. Det er ikkje ramn alt som har svarte fjør? Det er ikkje gull alt som glimar? Bøyg kvisten medan han er ung, men bryt han ei. Eller, floskel er vel oppbrukt, klisjeprega, litt tomt. Eg er glad i det banale. Forresten, på skuleavslutninga til dottera mi sa ein av lærarane at ei elv ikkje skundar seg til havet. Det syns eg var fint. Klisjéfylt, men sant og godt. Har kjent på akkurat det same sjølv.

Hvilken faen i deg sokner du til?

Hennes høyhet Storheksa. Eventuelt disneyskurken Maleficent. Og Ursula havheksa. Elskar dei alle tre.


Kan du beskrive hva du ser her i disse tre Fleurschach'ene? B&B sin egenkomponerte versjon av blekkflekkbildene kjent som Rorschach.

1 Ein snigel som skundar seg.

2 Nokon med bart som ser meg med forundring og glede.

3 Ein bjørn på flukt.

Og aller sist: Hvilken NCS fargekode er du?

S 2060-R40B - altså klar lilla. Har iallfall vore i mange år, men i det siste har eg kjent meg meir som blå, i tilegg med ei sterk dragning mot gul. At eg er i endring er iallfall sikkert og det er boka si skuld. Eg er takksam for endring, det vert slik det skal.




Neste
Neste

Man lærer så lenge man lever – Under Lupen med Birgitte Larsen